15 års jubileum

Her er ein av gjengen klar til innsats på gokartbana i Bergen..
Vi var 20 stk som reiste med ekspressen laurdags morgonen til by`n der vi innlosjerte på hotell Augustin. Vi hadde ein kulinarisk oppleving på restaurant Spisekroken med 6-rettars middag med tilhøyrande vinpakke. Seinare var vi på revy på Ricks med S-M-XL. Eit besøk i hotellets eksklusive vinkjellar var heller ikkje til å komme forbi iløpet av kvelden.
Søndag var det AutoMarin Grand Prix på Bergen Gokartsenter, lunch på Peppes og retur med båten om ettermiddagen.
Dei som var med var: Johnny, Terje og Bjørg, Kenneth og Aud Eli, Robert og Anne, Dagny og Arulf, Tore, Ole Ivar, Gro og Grunde, Connie og Leif, Jøran, Finn og Anna, Bjørn og Gunvor.
Sola skein og sette ein fin standard allereie i starten av turen. Her eit bilde frå ekspressbåten til Bergen.