Vår verkstad er medlem i Norges Bilbransjeforbund, Sogn og Fjordane Bilbransjeforening, AutoMester!

Verkstad

Her er eit moderne motorrom som våre dyktige mekanikarar gjerne utforskar. Med våre diagnose-utstyr og feilkodelesarar er dette berre kjekke utfordringar. Moderne motorar krev mykje spesialverkty for å kunne servast. Det er ikkje mykje ein "garasjemann" kan gjere sjølv lenger. Derfor er vi med i AutoMester-kjeden der vi kontinuerleg oppdaterer oss på nyvinningar både via kurs og utstyr. På den måten er vi istand til å halde bilen din i topp shape, og klar for mange problemfrie mil langs våre vakre men akk så utfordrande vegar.
Karosseriskader er berre ein del av vårt arbeidsområde. Her er Tore igang med å rette ein bil som har hatt eit ublidt møte med moder-jord. Med vår opprettar-jig kan vi rette både små og store skader. Vi har moderne hjulstillingsapparat der vi måler alle 4 hjula, senterlinjer og akselplasseringar opp mot fabrikkspesifikasjonar. Elles utfører vi det aller meste av jobbar på alle bilmerker. Vå allsidighet er vår styrke.

Tore

Her er Tore(er ikkje lenger hos oss) igang med å lese av data om motorstyring på ein bil som har eit periodisk problem. Han skal på prøvekøyring og kan lese kva som skjer undervegs på ein av våre diagnosetestarar.

Ole Ivar

Ole Ivar Holen med kirurgiske inngrep i ein italiensk motor.

Arbeidsoppgåver vi utfører

Her er Tore igang med å bygge om ein importert BMW til varebil kl 1 (ei stund sidan, denne typen varebil er no ute av bildet).


Andre eksempel på arbeid vi kan gjere:

Hovedservice og mellomservice på alle bilmerker
Service på aircond/klimaanlegg
Clutch/gearkassereparasjonar
Bremsereparasjonar
Periodisk(EU)køyretykontroll (innt.7,5 tonn)
Sveisearbeid
Olje/filterskift
Karosseri/oppretting/lakkering
Hjulstillingskontroll/justering
Dekk/felg
Elektriske/elektroniske reparasjonar
Ruteskift
Montere hengarfeste
Eksosanlegg
Diagnoseavlesing
Skifte toppakning
Motorrens (utv/innv)
Startar/dynamo
Osb...

Vi utfører det aller meste på dei aller fleste bilmerker.

Hella

Som AutoMester-verkstad er vi også ein Hella Servicepartnar.