Dekk/felg

Dekk og felg har vore ein lidenskap for oss i alle år. Her ser du ein av våre første medarbeidarar i sving med å balansere eit hjul... Sidan den gang har vi investert i mykje nytt utstyr, og har idag dekkomleggingsmaskiner for både stål- og lettmetallfelgar. Moderne hjul krev avansert utstyr for å ivareta felgar og dekk. Derfor har vi Butler omleggingsmaskin for topp resultat på skikkeleg lavprofil.
Dekk er så mykje meir enn ein svart rund "gummidings". Det fins fleire hundre dimensjonar, mønster, hastighetsmerkingar, profilar, lastekodar og gummiblandingar, og det er ikkje lett for "mannen i gata" å finne rett dekk til sitt bruk. Vi har den kompetansen som skal til for å geleide deg gjennom denne "rubber jungle". Kom innom oss for ein dekkprat, vi fortel deg kva dekk du treng. Vi har dei mest sansynleg på lager òg, vi har til einkvar tid oppunder tusen dekk på lager.
Vårt medlemsskap i SuperDekk gjev oss tilgang på nokre av landets beste prisar på dekk og felgar. I tillegg har vi opparbeidd attraktive avtaler med fleire andre importørar. Dette gjer oss istand til å konkurrere med dei beste i klassen på pris.
Fom sommardekksesongen 2007 er montering/balansering ikkje med i våre dekkprisar. Dette gjer vi for å møte den aukande konkurransen frå firma som sel dekk på nettet.
Her er ein Mini Cabriolet med nye "deep dish alloy wheels".

Dette er nokre av dekkmerka vi forhandlar (vi lagerfører dei fleste):
Vi har også lettmetallfelgar på lager.

Yokohama
Aurora
Gislaved
Continental
Michelin
GoodYear
Uniroyal
Kumho
Nexen
Cooper
Silverstone
Roadstone
Bridgestone
Nokian

Vi forhandlar felgar frå alle dei kjende importørane, som:
Martins, Wokas, FelgImport, Bilprodukter, Autogrip, NDI, ScanVest, Hafnor osb.

Dekklager

Her er eit lite glimt av vårt dekklager. Vi har til einkvar tid rundt 60 forskjellige dimensjonar inne. Med sommar- piggfritt- og piggdekk, i forskjellige hastighetsmerkingar, lastekodar og profilar gjer dette at vi må ha opp mot tusen dekk på lager i toppsesongane.