OPPLEVINGAR I OMRÅDET

Askvoll, Sunnfjord, Sogn og Fjordane er eit unikt område med storslått natur, utfordrande klima, spennande menneske og mange mulegheiter. Stader som berre ventar på å bli utforska..
Hadde vi hatt Florida-klima her ville det ikkje vore slik, då hadde vestlandet vore overbefolka for lenge sidan!

På denne sida finn du linkar til spennande nettstader der du kan finne mange reisemål og aktivitetar i dette fantastiske området. Her er eit mangfald av både kultur- og naturopplevingar i dei fleste variantar. Frå Isbrear i aust til Storhavet i vest. I mellom finn du ikkje berre verdas lengste fjord på 210 km, men fleire andre vakre fjordar, der Dalsfjorden med Flekkefjorden er mellom dei finaste! (Dalsfjorden munnar ut på kysten ved Askvoll). Her er pubar og restaurantar, hotell og hytter, og Holmedal Bygdemuseum. Du finn fjell som stuper rett i havet - kanskje med eit ørnepar svevande i oppdrifta, vidder med reinsdyr som endar ved foten av Jotunheimen, ein skjergard og kystline som er den perfekte skjulestad for ein båttur med familien - eller kanskje kjærasten, spekka med billedskjønne øyar og sund, vågar og strender. Alden, eller Den Norske Hesten, ligg rett vest for Askvoll. Værlandet og Bulandet vestanfor der igjen. Der vil du finne Norges Vakraste Veg. Rundt Bulandet ligg fleire fiskebankar der stortorsken berre står og ventar på ein glinsande svenskepilk.
Eller kanskje ein tur på ein av våre utestader er det som passar best kommande helg..
Eller kva med ein ekte Hellekniv frå fabrikkutsalet i Holmedal...?
Eller... eller... eller...