VI SPONSAR.....

AutoMarin as sponsar aktivitetar og framtidsvyer i kommunen. Vi er sponsor til Bulandet Grendalag (dei har ei super heimeside!) AHIL (Askvoll og Holmedal Idrettslag), Atløy Idrettslag og vi sponsar Aksjon Dalsfjordbrua.

Vi er opptekne av eit aktivt og spanande oppvekstmiljø, og idrettslaga gjer ein kjempejobb for ungdommen i området. Samhald og meiningsfulle gjeremål er viktig for å få ungdommen til å opprette og utvikle eit tilhøyr til heimstaden sin. Derfor er vi med og sponsar både Askvoll og Holmedal Idrettslag ved fotballgruppa og handballgruppa, samt Atløy Idrettslag, fotballgruppa. Vi sponsar òg Aksjon Dalsfjordbrua fordi vi meinar den er svært viktig for framtida til samfunnet vårt.

Har DU ei sak du brenn for, så nøl ikkje med å ta kontakt med oss. Kanskje vi brenn for ho vi òg..