Marina

Vår marina vart utvida sommaren 2006 då vi fekk utmudra 3000 kubikk med masse. Her har vi avgiftsfri diesel og bensin på kaia der du kan fylle direkte i båt. Vi har også godt drikkevatn til bunkerstanken. Drivstoffpumpene har kortautomat etter stengetid, så her kan du få fylle døgnet rundt.
Trådlaust internett/breiband til hamna får du kjøpe i butikken.
Her er eit bilde av Skjærgårdstreffet 2005 i Askvoll Sentrumshamn med marinaen i høgre del av bildet. Masse båtar og mykje folk var samla denne helga. Stemningen var på topp og Askvoll fekk vise seg fram frå si beste side.
BÅTVERKSTAD

På vår verkstad har vi dyktige medarbeidarar som står klare til å hjelpe deg med båten din. Vi har lager av servicedeler til Volvo Penta, olje til Mercruiser-drev, rustfrie splintar og slangeklemmer, samt eit rikt utval i filter og viftereimer til mange maskiner. Vi har tilgang til slipp der vi kan sette opp små og mellomstore båtar ( opp til ca 5 tonn). For spesielle oppdrag kan vi få tilgang til ein stor kran for å løfte større båtar på land. Vi utfører også lettare slepeoppdrag for båtar som er i naud (max 10-12 tonn). Kontakt oss for avtale dersom du treng slik assistanse.

For fleire detaljar om vår verkstad, gå inn på "verkstad".

Stormflo

Slik såg det ut då stormfloa kom innover oss i januar 2005. Det er såvidt drivstoffkaia er over vatn, heile den 70 meter lange gjestebryggja ligg under.