VINTERTIDER



Mandag - Fredag 0730-2200
Laurdag 0830-2200
Søndag 1000-2200

Butikk

Her ser du Dagny Søvig igang med å tilberede ein hamburgermeny med pommes frites.
Vi har i ein moderne essobutikk med mange gode tilbod, og fersk nysteikt mat på grillane. I tillegg til pommes frites og hamburger har vi pølser, baguettar småpizza og anna snadder. Eller kanskje du berre treng kopp rykande varm kaffi bryggja på nykverna kaffibønner, kanskje med ein SJOKOLADEBOLLE til. Vi har det som skal til for å stagge ein svolten mage i ein travel kvardag.
Men i tillegg til vanlege "bensinstasjonsvarer" vil du òg finne eit rikt utval av saker og ting som gjerne ikkje er vanleg å finne på ein stasjon lenger. Vi er nemleg opptatt av at ein servicestasjon skal vere god på service, ikkje berre "matservice".
Derfor har vi mykje anna på lur:
O-ringar
Relè
Pluggledningar
Rustfrie slangeklemmer
Radiatorslangar
Tennpluggar
Bensinslangar
Dette er berre eit utval av det vi kan tilby.

Mat-stasjon

I 2005 kjøpte vi hambugerutstyr. Dette vart eit kjærkome tilvekst til vårt kjøkken.
Mange kundar ringjer oss og bestiller mat på førehand slik at den er fiks ferdig til dei kjem. Elles tek det berre omlag 3 minutt å lage til ein hamburgermeny, med pommes frites.

Her er Kenneth klar til innsats med burgersteikaren.
Hamburgerane vert her steikt i pressgrill rett frå djupfrosen tilstand. Slik serverer vi alltid rykande ferske, saftige burgerar, på 3 minutt.

Sjå våre menytavler og kampanjar for dagens prisar og utval.

Kaffi og blad

Vi har ei kaffimaskin. Denne maskina har, i tillegg til kaffi, også varm sjokolade, kafè au lait, espresso, moccachino og espreschoc. Den kvernar heile kaffibønner kvar gong den bryggjar ein kopp.
Ein god garanti for ein perfekt, rykande varm og aromatisk oppleving!

Vi har eit rikt utval av blad i alle variantar.

Smågodt

Kan vi friste med smågodt, har du eit rikt utval i denne lekre disken. Alltid ferske varer og stadig påfylt med nyheter samt klassikarar for store og små søtmonsar!

Nøtter

Eller kanskje du heller vil ha ein smakebit frå dette stativet.. Her kan du velgje mellom dei lekraste rotvekstane verda kan by på - framdyrka på mange slags vis! Spesielt produksjon av Cashewnøtter er eit studie verdig: Dei vert knekte ei og ei nøtt i spesielle fot/pedalstyrde maskiner - ekte handarbeid i Østen. Skalet inneheld gift som på lang sikt er skadeleg for hendene til dei som arbeider med dette, derfor brukar dei heimelaga hanskar når dei sit med maskinene. Skulle vi produsert dei her på berget hadde ingen av oss hatt råd å kjøpe dei!

"AutoMarin entertainment"

Massevis av DVD-filmar, CD-plater og liknande finn du i vår underhaldningsavdeling. Her finn du òg mange gode tilbod på filmpakkar og musikkpakkar.
TI-PÅ-TOPP er alltid på plass.

Vi skiftar stadig ut filmane våre i dvd-utleige hyllene. Dei filmane vi tar ut kan du no kjøpe hos oss, det er pent brukte dvdar.
kr 79,- pr stk og 3 for 199,-

Fin haustdag i Askvoll

Det er blitt rolegare i Askvoll på båtfronten sidan i sommar, men du er hjartelig velkommen innom oss likevel.

Esso i Askvoll

Bilde av Esso(Automarin A/S)!

NYHET FRÅ GILDE!

Prøv vår nye pølse frå Gilde!
Den heiter WILD ONION !
WILD ONION har ein smak av ramsløk og sitron.
WILD ONION er håndlaga av pølsemakarar.
WILD ONION er kjempegod med sennep!

Pondusburgar

SVOLTEN?!!

Her har du burgaren dersom du er litt ekstra svolten!
2 x 190g burgar!