Avogtil høyrer vi saker og ting som fortener å bli hugsa og gjengitt. Her kjem det etterkvart til å komme litt uttaler og anna skøy som vi høyrer på arbeidsplassen vår...
"UKLOKT AV BRITANE Å SVIKTE TONY BLAIR"

-sto det i eit lesarinnlegg I Firda ein dag.

"Tru om dei les dette der borte..." Sa Robert.
"HETE I FRAMSKOTA"

Det var ein kunde som ikkje fekk varme i varmeapparatet etter ein service hos oss.
Kunden ringde oss og sa at det ikkje kom "hete inn i framskota"..
Det viste seg at vi hadde arbeidd under instrumentbordet, og i den samanheng slått av viftebrytaren til varmeapparatet. Denne brytaren hadde ikkje bileigaren visst om, endå vedk. hadde eigd bilen i 10 år...
Ja-ja, kunden fekk ein velutstyrt bil att frå service - med ekstra brytar og greier!
"AMERIKANSKE DEKK"

Avogtil legg vi på amerikanske dekk ved våre dekkmaskiner. Sidan amerikanarane er så redde for å bli saksøkte, pleier dei like godt å skrive på dekksida (f.ex. på eit 16 toms dekk): "Only for 16 inch rim" eller oversett: Passar berre på 16 toms felg...
"ØYDELAGT INSTRUMENTLYS"

Vi hadde for mange år sidan øydelagt instrumentlyset i ein bil - sa kunden etter at han fekk att bilen frå reparasjon av eksosanlegg. Men det viste seg at då vi skrudde av heile dashbordet for å finne feilen så var holet der pæra skulle ha vore igjenteipa.. Der hadde nok aldri vore lys.
"HEILLAKKERING"

Det var ein gang ein kunde som spurde oss om vi kunne heillakkere trehjulssykkelen til sonen..