NÅR MÅ VINTERDEKKA AV/PÅ?

PIGGDEKK er lov å køyre med mellom første november og første søndag etter påske. Det er elles lov å køyre med piggdekk dersom føret tilseier det utanom denne tida. Dette betyr i praksis at søndag 15. april er siste dagen det er lov å køyre med piggdekk.

PIGGFRIE DEKK er det lov å bruke året rundt, sjølv om det ikkje er optimalt på sommarstid.

SOMMARDEKK er lov å bruke året rundt dersom det ikkje er vinterføre/glatt.

M/S MERKA DEKK ("mud and snow") er lov å køyre med uansett føreforhold.
Likevel er M/S eit amerikansk konsept som ikkje er eigna til glatte norske vintervegar.