NOKRE DEKKTIPS:

LUFTTRYKK:
På vinterdekk er det lurt å auke lufttrykket med ca 10% samanlikna med sommardekk. For det første er vinterdekka mjukare, og for det andre er lufttrykket i kompressoren du fyller frå varm i forhold til utetemperaturen. Det fører til at trykket sig når du køyrer på kalde dagar. Sommardekk vil i motsetning auke trykket etterkvart som dei vert varme under køyring.

DIMENSJONAR:
Før i tida var det viktig å ha smale vinterdekk. Moderne dekk og dimensjonar er ofte ikkje like lett å sjonglere med. Ein må ta omsyn til lasteindex og rulleomkrets for å halde seg innanfor godkjende verdiar.
Vi anbefaler i utgangspunktet å køyre med den dimensjonen som står oppført i vognkortet.
Kontakt oss dersom du har spørsmål om dimensjonar. Vi har ekspertise og dokumentasjon på kva du bør bruke akkurat på din bil.

KVA BETYR TALA PÅ DEKKSIDA?
Eit vanleg dekk i dimensjon 195/65x15 har følgjande data:
195 er breidda på dekket i millimeter.
65 er høgda på dekksida i % av breidda (195 x 65% = 126,75mm)
15 betyr at dekke passar på ein 15-toms felg (innerdiameteren på dekket)

HASTIGHETSMERKING:
Alle dekk er merka med ein bokstav som fortel kva hastighet dekket er godkjent for. Dei mest vanlege bokstavane er:
Q = 160 km/t
T = 190 km/t
H = 210 km/t
V = 240 km/t
W = 270 km/t
Y = 300 km/t
Z = over 240 km/t
På sommardekk må du følgje det som står i vognkortet.
På vinterdekk er det ikkje nødvendig.

LAGRING AV DEKK:
Bildekk bør lagrast mørkt og kjølig. Varme er den største fienden til dekkets aldringsprosess.

FERSKVARE:
Dekk er "ferskvare" og taper seg med åra. Eit nytt dekk held seg mjukt og smidig i inntil fem år ved gunstig lagring. Etter dette begynner gummien å bli hardare, og dekket taper eigenskapar. Dette er mest framtredande på vinterdekk, fordi det er på snø og is friksjonen er minst (ofte nede i berre 10% av sommarføre). Eit dekk som er i bruk taper seg kvart år, og vil etter 3 - 4 år i bruk ha betydeleg reduserte eigenskapar.

LETTMETALLFELGAR:
Har du lettmetallfelgar kan det vere lurt å polere dei saman med resten av bilen. Det er ingen del på bilen som har eit tøffare klima enn hjula. Dei er heile tida i nærkontakt med snø, slaps, grus og salt. Dei har ikkje fjøring, men må i botnen på alle holer. I tillegg er dei utsette for bremsestøv frå bremseklossane, spesielt framhjula. Vil du halde dei fine treng dei stell.
Det er òg viktig at du brukar ein dekkleverandør som har spesialutstyr for å skifte dekk på aluminiumsfelgar. Slik unngår du å få stygge riper og merker på felgane dine.