ASKVOLL SENTRUMSGRUPPE

ASKVOLL SENTRUMSGRUPPE (ASG) er ein organisasjon samansett av dei fleste handlande i Askvoll sentrum. Det er ASG som arrangerer Skjærgårdstreffet kvar sommar. Dei gjev ut eiga avis fire gonger i året der dei har annonser, reportasjar og kommunalt stoff med. Askvoll Kommune brukar avisa som portal etter at Askvoll-posten, deira eiga avis, vart lagt ned. ASG arrangerer òg jule-opning i slutten av november, og står bak utdeling av gratis nysteikte rundstykker til alle båtturistane som kjem til Askvoll om sommaren.
Skiltet du ser på bildet viser dei fleste som er medlem idag. Det står i bua som ASG bygde på dugnad på kaia i sentrum i 2004. Bua er tenkt å vere ein samlingsstad for båtfolket på regntunge dagar.
For nærare informasjon om ASG kan du ta kontakt med ein av medlemmane i styret:
Johnny Søreide, Herfinn Takle, Bjørn Magne Solheim, Sissel Igland eller Reidun Leiknes.